Desse dekorative hjarta er laga med tekstilmaling trykt på saueskinn med utskorne trykkblokker i tre. Størrelsen er ca 7 cm x 7 cm. Etter at trykket er tørka skjer vi ut hjarta og syr dei saman, to og to, med ullsida inn. Vi nyttar lintråd når vi syr hjarta. Alt arbeidet blir gjort for hand, ikkje maskinelt.
Hjarta kan nyttast som dekor på juletre, i bordpynt, på dører, julekransar, som gåvepynt, vennegåve, firmagåve eller anna.
Du kan velge mellom fleire fargar: lilla, raud, kopar, gull, grøn, gul, raud/gul, grøn/raud.
Hugs å skrive til oss kva fargar du ynskjer.