Om oss

Pergarden.noPergarden er namnet på garden der eigar av denne bedrifta vaks opp. Den ligg ved vakre Dalsfjord i Volda kommune. Der budde familien Sætre i mange generasjonar, og livnærte seg av det jorda gav i tillegg til anna arbeid. I nettbutikken vår, og i butikkutsalg i Volda, sel vi saueskinn frå gardar på Sunnmøre i tillegg til skinn frå andre bønder frå både nær og fjern. Vi har etterkvart opparbeida oss eit svært godt utval saueskinn frå fleire nordiske rasar. 

Vi lagar også mange ulike typar handlaga produkt av saueskinn, som vestar, tøfler, skjerf, puter, interiørdekor, pulsvarmarar med meir. Du finn alle produkta våre i nettbutikken. 

Vi har butikk i Volda sentrum der vi held ope utvalde laurdagar og kveldar, samt at vi gjerne opnar på forespørsel. Vi har ikkje faste opningstider. 

Kontaktinformasjon
Per Erling Parr Sætre
Mobil: 975 30 623

Følg oss på Facebook @pergarden og Instagram @pergardenskinn