
Dette er eit blandingsskinn av dei sjeldne norske rasene blæset sau og trøndersau. Ulla er av crossbredtypen, mjuk og veldig tjukk, med ein nesten svampaktig spenst.
Skinnet er garva hos Granberg Garveri og er av ypperste kvalitet. Kjøtsida er kvit, heil og utan synlege skader.
Omtrentlege mål: 114 cm x 59 cm