Dette er ein fotvarmar handsydd av eit heilt saueskinn av blæsa sau. Vi har klipt ut emna av skinnet, trykt og mala på motiva for deretter å sy saman delane med nål og dobbel lintråd.
Ein fotvarmar i saueskinn isolerer varmen godt inne i skinnet, og held kulden ute. Ulla tek imot kroppsvarmen og forsterkar følelsen av varme i fotvarmaren. For maksimal effekt kan ein legge ei flaske varmt vatn i fotvarmaren nokre minutt før ein skal bruke den.
Storleiken er 37 cm lengd, 27 cm høgd (når kanten er nedbretta) og 30 cm breidd.