Dette fyldige skinnet kjem frå sauerasen svartfjes, eller blackface som dei heiter i Storbrittania. Dei fleste skinna er kvite eller lyse, men kan ha litt innslag av andre fargenyansar om ein vér av anna rase har lurt seg inn i flokken. 😅🐏
Dette skinnet er av lam og har mjuk og fin ull. Sauene høyrer til Hauane gard i Velsvika i Dalsfjord/Volda.
Omtrentlege mål: 108 cm x 67 cm. Ljøtsida har to lange saumar etter slakteskade, og skinnet er rabattert Kr 200 pga dette (zoom inn på bildet av baksida for detaljar). Saumane viser ikkje på ullsida. Skinnet er garva hos Roar pels.